T.h. og t.v. Detalj fra prosjektet FALDA UT, maleri på tekstil (viskose)
I utstillinga FALDA UT på Hå gamle prestegard, er kontrastar stikkord, og i nyansar av lys og mørke er tekstil ein tonegjevande aktør. Tekstilene falder seg ut i rommet, godt hjulpen av metallstativa som held dei oppe, -som ein ryggrad. Kvar tekstil har sin eigen personlegdom, sitt eige uttrykk. Tittelen FALDA UT kan vise til livet og kunsten som prosess, -det/den vert til undervegs. Men det er fyrst og fremst kva det inneheld å vera menneske som Ferking ynskjer å utrykka i kunsten sin. Som at det å vera menneske betyr å leva i uvisse, vi veit ikkje kva som ligg framom oss, det gjer oss sårbare.